Arkiv

  • Nordidactica 2020:3
    Vol 10 Nr 2020:3 (2020)

    I Nordidactica nr. 3 2020 publiserer me seks vitskaplege artiklar skrivne av 11 forfattarar frå universitet og høgskular i Noreg, Sverige, Finland og Danmark. Mot slutten av den tiande årgangen av Nordidactica, er det gledeleg å sjå at Nordidactica er godt etablert som samnordisk arena for våre felt innanfor ulike delar av humaniora- og samfunnsfag-didaktikken. Centrum för de Samhällsvetenskapliga ämnenas Didaktik (CSD) ved Karlstads universitet fortener ros å skapa denne samnordiske visjonen, og for å ha gjort den til røyndom (realitet) i samarbeid med eit samnordisk redaksjonsråd og vekslande vitskaplege redaktørar frå ulike nordiske land. Nordidactica vil markera jubileet i løpet av 2021.

    Den fyrste artikkelen, Videnstaksonomier, progression og fordybelse i historieundervisning, er skrive av Loa Ingeborg Bjerre (University College Lillebælt) og Hans Dorf (Aarhus Universitet). I denne artikkelen analyserer Bjerre og Dorf kva det vil seia å utvikla og kvalifisera (historie)forståing i skulen. Eit av poenga deira er kritikk av undervisning utan avbrekk frå notidig stillingstaking, fordi det fremjer kronosentrisme. Sagt meir spissformulert, og med redaksjonens eigne ord, kan det lett føra til samtidsimperialisme eller anakronistiske feilslutningar.

    Myndiggjøring gjennom kritisk minnebevissthet: Minnestudier i didaktisk perspektiv er artikkel nummer to. Forfattarane er Alexandre Dessingué og Ketil Knutsen, båe ved Universitetet i Stavanger. Dette er eit teoretisk arbeid som siktar mot å utvikla ein myndiggjerande minnedidaktikk som kviler på kritisk minnemedvit – som ein del av det historiedidaktiske feltet. Siktemålet gjer det påkravd å klårgjera kva minne er i høve til kva historie er.

    Sidsel Undseth Bakke og Geir Skeie ved Universitetet i Stavanger er forfattarane av Minnematerialet etter 22. juli som didaktisk ressurs i religions- og livssynsundervisningen. Medan Dessingué og Knutsens arbeid er ei teoretisk drøfting av minnekultur som eit bidrag til historiedidaktikken, tek Bakke og Skeie sin artikkel opp eit konkret minnemateriale, og vurderer premiss for religionsdidaktisk bruk av det.

    Artikkel fire er skrive av forfattarane Najat Ouakrim-Soivio, Sirkku Kupiainen og Jukka Rantala, alle frå Helsingfors universitet. Dei har skrive Interest or importance: Predicting Finnish students’ end of school attainment in history and social studies. Studien deira byggjer på samanlenkte sekundærdata frå to typar kjelder og på to tidspunkt, slutten av ungdomsskulen og ved slutten av studieførebuande vidaregåande skule.

    Det femte bidraget er “Vi … er på vei inn i en tidsalder der det i stor grad er kvinnekjønnet som setter premissene for samfunnsutviklingen” – en kritisk analyse av lærebøker i samfunnsfag, skrive av Marte Handal ved Universitetet i Stavanger. Dette er ein kvalitativ lærebokstudie av norske lærebøker gjennomført med eit kritisk diskursteoretisk utgangs-punkt. Handal har analysert tre samfunnsfaglærebøker som er gjeve ut etter førre læreplanrevisjon (2013). Forfattaren finn at temaet kjønnsroller har fått tydeleg (om ikkje særleg stor) plass i alle lærebøkene. Ho finn likevel at likestilling er lite tematisert . 

    Artikkelen Bedömning som ett kunskapsideologiskt ställingstagande: lärares bedömningsstrategier och samhällskunkapsämnets laborative, analytiska och avgränsade kunskapsinnehåll er skrive av Mikael Berg ved Högskolan Dalarne og Västerbergslagens Utbildningsförbund. Berg konstaterer at samfunnskunnskapens (del av paraplyen Samhällsorienterande ämnen i svensk grunnskule) kunnskapsinnhald har vorte relativt mykje forska på. Han peikar på at tidlegare studie av «provkonstruktioner» viser at prøvene etterspør ulike former for kunnskapsinnhald, dei uttrykkjer ulike kunnskapsideologiar.

  • Nordidactica 2020:2
    Vol 10 Nr 2020:2 (2020)

    Redaksjonen er glade for å publisera nummer 2 2020 med sju fagfellevurderte artiklar i ei tid med mange koronautløyste meirutfordringar for universiteta, høgskulane og skulane. Likevel er stofftilgangen betre enn nokon gong tidlegare sidan Nordidactica fyrst kom ut i 2011. Det er gledeleg, men samstundes arbeidskrevjande for redaksjonen.

    Nummer 2 vart kunngjort som temanummer om dei doble oppdraga til forskings-, lærar-utdannings- og skulefaga innanfor publiseringsfeltet vårt, ogso med særskilt oppmoding til kritiske analysar av etablerte «sanningar» på fagfelta våre. To av dei sju bidraga er innanfor temanummerutlysinga. Desse to vert difor presentert fyrst i denne editorialen. Det reduserer sjølvsagt ikkje verdien av dei fem andre arbeida.

    Når temanummerutlysinga ikkje utløyste fleire bidrag, sporar det til undring: Var det for kort tid mellom utlysing og innsendingsfrist? Var utlysinga utydeleg? Appellerte ikkje tematikken? Ligg forklåringa i sterk konsensusorientering i fagmiljøa? Eller er den viktigaste forklåringa at temanummeret ikkje var knytt til ein konferanse, eit etablert prosjekt eller eit fagleg nettverk med fokus på innhaldet i temautlysinga? Kanskje finst det ogso andre forklåringar. Høgt arbeidspress i sektoren, til dømes. Arbeidspresset ser likevel ikkje ut til å ha vore høgare enn at me har fått sterk auke i innsendinga av andre manusutkast. Samla sett gjev dette grunnlag for ettertanke. Redaktørane minner om fristen 1. august for innsending av bidrag til det kunngjorte temanummeret 4-2020 om oversynsartiklar. Les kunngjeringa på https://www.kau.se/nordidactica/bidra/call-och-information-om-kommande-nummer

    Den fyrste artikkelen er skrive av filosofen Jon Anders Lindstrøm ved Senter for Praktisk Kunnskap på Nord Universitet, og har tittelen Om anti-antisemittisme. Arbeidet tek utgangspunkt i ein (norsk) statleg handlingsplan mot antisemittisme frå 2016 og tiltak som er utløyst av denne og/eller ligg i overordna læreplanar eller fagspesifikke læreplanar for samfunnsfag og religions-, livssyns- og etikkfaget KRLE.

    Artikkelen går rett inn i eit politisk minefelt ved å diskutera antijødisk rasisme versus ikkje-rasistisk jødedomskritikk, teoretisk og praktisk religions- og ideologikritikk, antisemittisme i Noreg og dessutan omstridde kontekstar som antigojisme i Israel, konflikten mellom Israel og palestinarane og feltet identitet og kritikk i norsk skulekontekst. Forfattaren er kritisk til breitt inkluderande forståingar av kva antisemittisme er og framfører mellom anna argument for at det finst ikkje-rasistisk og legitim jødedomskritikk, slik det finst ikkje-rasistiske og legitime kritikkar av andre religiøse tradisjonar – både i skulen og i det offentlege rommet elles.

    Nils Hallvard Korsvoll ved Institutt for religion, filosofi og historie ved Universitetet i Agder har skrive artikkelen Kvifor KRLE? Forhandling og forståing av føremåla for det norske religions og livssynsfaget i læreplan og lærebøker. Arbeidet tek utgangspunkt i at faget Kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) i den norske grunnskulen lenge har stått i krysseld mellom politiske, faglege og andre interesser. Dette har – på eit overordna nivå – vore fellesinnsikt for svært mange politikarar og andre samfunnsaktørar – og ikkje minst for dei som skal stå for lærarutdanning i faget ved universitet og høgskular. Arbeidet analyserer ambisjonar i læreplanar (både den gjeldande og den som gjeld frå august 2020), andre offentlege reguleringar rundt faget og lærebokinnhald kritisk på dette krysspressfeltet.

    I dette nummeret handlar artikkel nummer tre og fire om ulike sider ved «SO-ämnen» i lågare årskurs i svensk grunnskule. Dette er verdfulle bidrag fordi byrjaropplæring innanfor fagfelta våre er «underforska» felt, vårt inntrykk er at dette i stor grad gjeld alle dei nordiske landa.

    Den fyrste av dei har tittelen Lågstadielärare talar om sin undervisning i de samhällsorienterande ämnena, og dei tre forfattarane Anna-Lena Liliestam, Carina Holmquist Lid og Christina Osbeck er tilsette ved Göteborgs Universitet. Dei har heile den faglege breidda innanfor «SO-ämnen» innanfor synsfeltet sitt. Dei analyserer, som tittelen seier, lærarar sine omtaler av eiga undervisning. Materialet er intervju med 13 lærarar frå skular som er ulike når det gjeld elevane sin sosio-kulturelle bakgrunn. Forfattarane er tydelege på at resultata ikkje kan generaliserast, og på at intervjudata heller ikkje gjev sikre indikasjonar på den faktiske undervisninga. I analysane av datamaterialet er forfattarane inne på ei rad tematikkar, til dømes det å byggja undervisninga på røynsler elevane har («elevens erfarenhetsvärld»), spesifikke tematikkar knytte til dei ulike delane av «SO-ämnen» («geografi, historie, religionskunskap och samhällkunskap») og det overordna spørsmålet om vektlegging av «forstran» eller «kunskap».

    Den andre studien av byrjaropplæring er retta inn mot historiedelen av «SO-ämnen». Barn skriver historia: En studie av fjärdeklassares skrivande i historieämnet, er skrive av Oscar Björck, Olle Nolgård og Thomas Nygren, alle ved Uppsala Universitet. Empirien er tekstar skrivne av elevar i fjerde skuleår. Studien kviler på to ulike tilnærmingar til tekstinnhalds-analysar. Den fyrste er analysar av representasjonar av historiske versus praktiske perspektiv på fortida.  Den andre er studiet av den språklege tekstkonstruksjonen – bygd på systemisk-funksjonell lingvistikk. Ein hovudkonklusjon er at tekstar som byggjer på historiske fortidsperspektiv skil seg frå tekstar som byggjer på praktiske perspektiv på fortida: Dei er lingvistisk konstruert ulikt og har ulik semantisk karakter.

    Harald E. Tafjord (Høgskulen i Volda) er forfattaren av Historie, identitet og det fleirkulturelle samfunnet – ein analyse av lærebøker i historie for ungdomstrinnet. I det norske samfunnsfaget var historie eit hovudområde innanfor eit semiintegrert samfunnsfag med felles læreplan, fram til innføringa av ny læreplan for samfunnsfag hausten 2020. Det har medført at fleire lærebokforlag har gjeve ut eigne lærebøker i historie for ungdomsskulen (8.-10. klasse). Utgangspunktet for Tafjord er at Noreg har fått langt større innslag av etnisk ikkje-norske borgarar dei seinare tiåra. Basert på undersøkingar frå andre europeiske land peikar han på at elevar som har annan bakgrunn enn den historiske majoritetskulturen finn historieundervisninga mindre meiningsfull og identitetsskapande enn elevar frå majoritets-kulturen. Dei lærebøkene Tafjord har analysert er gjevne ut etter læreplanendringa i 2006 og læreplanrevisjonen i 2013.

    Mattias Björklund (Stockholms Universitet) har skrive Curriculum Taking and Curriculum Making? Educational context and financial literacy teaching in Sweden. Økonomifeltet er generelt underforska i nordisk skule og lærarutdanningskontekst, og dette bidraget retta inn mot «financial literacy teaching” i svenske vidaregåande skular er difor viktig. Arbeidet byggjer på 21 lærarintervju, og handlar soleis om eigenrapportert undervisning. Artikkelen analyserer meir presist korleis røynde (experienced) lærarar og «ferske» (novice) lærarar uttrykkjer sine «financial literacy aims» i ein røyndom der lærarane sjølv i vesentleg grad manglar utdanning.

    Forfattarane av Hur motiverar gymnasieelever sina bedömningar av trovärdiga och vilseledande digitala nyheter? er Thomas Nygren, Jenny Wiksten Folkeryd, Caroline Liberg og Mona Guath (Uppsala Universitet). Arbeidet byggjer på empirisk materiale frå om lag 400 svenske gymnaselevar frå ulike studieførebuande retningar, med størst innslag frå samfunnsfaglege og estetiske fagretningar. Det er kanskje ikkje uventa at mange ungdomar hadde vanskar med å vurdera truverd og at det trengst eit breitt repertoar av måtar å lesa tekstar kritisk på. Forfattarane skil mellom fokus på sendar (kven), på innhald (kva), på utforming (korleis) og på føremål (kvifor) og utleier didaktiske implikasjonar for kvar kategori og for kombinasjonar av desse kategoriane.

    Konteksten rundt dette feltet er brei og samansett. Som kjent kan sosio-kulturelle bakgrunnsfaktorar disponera for ulike haldningsorienteringar som påverkar vurderingar av bodskap. Verbalspråkleg tekst og biletspråkleg «tekst» kjem i ulike retoriske stilartar, og det er ikkje vanskeleg å påvisa eit stort mangfald av propaganda- og påverknadsteknikkar. I svært mange høve finst det ikkje noko brei intersubjektiv semje om kva som er truverdige, misvisande eller manipulerande bodskapar. Det er heller ingen grunn til å tru at me som høyrer til dei velutdanna snakkande klassane, er mindre farga av vår sosio-kulturelle bakgrunn enn andre når me gjer våre vurderingar av nyhende eller av andres vurderingar av nyhende. Feltet treng difor å utforskast med eit mangfald av teoretiske tilnærmingar, metodar og empirikategoriar, til nytte for forsking, lærarutdanning og skule, ogso med blikk som kritisk tematiserer forskarsamfunna sine eigne posisjoneringar på og kring dei spørsmåla som vert undersøkte.

  • Nordidactica 2020:1
    Vol 10 Nr 2020:1 (2020)

    Dette nummeret inneheld åtte vitskaplege artiklar skrivne av 14 forskarar på åtte ulike universitet og høgskular i Sverige, Noreg og Finland. Den faglege breidda er stor, og denne gongen ligg det kvantitative faglege tyngdepunktet innanfor samfunnskunnskapen. I nummeret finst både tydeleg teoridrivne arbeid i skjeringspunkta mellom vitskapsteori og fagdidaktikk og arbeid som fyrst og fremst har utgangs- og utsiktspunkt i dei konkrete undervisnings- og læringsaktivitetane. Det er ei breidde som eit vitskapleg tidsskrift på våre felt bør dyrka.
    Teoridrivne tilnærmingar bør diskuterast, vidareutviklast kritisk og modellane dei utviklar for undervisninga og læringa i og av fag bør sjølvsagt utprøvast. Teoridrivne tilnærmingar kan på sitt beste, særleg dersom dei samla utgjer eit kritisk mangfald, vera med på å sikra både forskingsfelta og praksisfelta mot å verta det dansken Steen Wackerhausen omtalar som ”skjeve erfaringsrom” og ”handlingsbåren ukunnskap” (Wackerhausen 2015). Eksempelfiguren hans -”den intuitive lærer”, har ganske sikkert ein parallell som kunne vore kalla den intuitive forskaren.
    Me vonar at lesarane finn både nye innsikter, teoretisk, empirisk og metodisk inspirasjon til eigne arbeid og eiga undervisning, inspirasjon til fagleg ordskifte, og dessutan idear til Nordidactica-publiseringar som eignar seg for pensumlistene på universiteta og høgskulane.

    Alexandre Dessingué ved Universitetet i Stavanger har skrive Developing Critical Historical Consciousness:Re-thinking the Dynamics between History and Memory in History Education. Forfattaren tek utgangspunkt i at relevansen til skjeringspunkta mellom historiedidaktisk teori, historiefagets vitskapsteori og minneteorien har vorte lyfta gjennom aukande fokus på historisk tenkjing og historiemedvit. Dessingué peikar på at historiemedvit har vorte eit sokalla kjerneelement for historiefaget (i Noreg) i læreplanen som skal gjelda frå 2020.

    Mikael Berg og Anders Persson, båe ved Högskolan Dalarna, har skrive artikkelen Graderande granskning och förklarade glapp: Svensk historie- och samhällskunskaps-didaktisk forskning om lärares bedömningspraktik 2009–2019. Arbeidet er ein tekstanalytisk studie av åtte lisensiatavhandlingar, fire doktorgradsavhandlingar og ein reviewartikkel frå dei siste ti åra, fordelt nokso likt  mellom ”historiefeltet” og ”samfunnskunnskapsfeltet”.

    Kjetil Børhaug og Mona Langø ved Universitetet i Bergen har skrive artikkelen Engasjementsfaget – Er samfunnskunnskap engasjerende for elevene? Dette er ein studie av elevengasjement slik det er uttrykt, forklårt og forstått i intervju av ei lita gruppe elever som tek det valfrie fordjupingsfaget Sosiologi og sosialantropologi i norsk vidaregåande skule. Det overordna spørsmålet dei søkjer å finna svar på, er i kva grad elevane vert engasjerte til å delta i undervisninga - og i kva grad dei vert engasjerte emosjonelt, kognitivt eller politisk av og i dette samfunnskunnskapsfaget.

    Nora E. Hesby Mathé og Eyvind Elstad frå Universitetet i Oslo har skrive artikkelen Exploring students’ effort in social studies. Arbeidet handlar om elevinnsats i det obligatoriske samfunnsfaget i den norske vidaregåande skulen. Samfunnsfag er eit obligatorisk fag både for elevar på studieførebuande utdanningsprogram og på yrkesfaglege studieprogram, etter same læreplan. Metoden i arbeidet er kvantitativ, og ei omfattande spyrjeundersøking med 111 postar er nytta.

    Nina Mård ved Åbo Akademi har skrive Samhällslära i ämnesintegrerad undervisning – En fallstudie av finländska klasslärares praktik. Samfunnslære (Samhällslära) vart innført som obligatorisk fag frå 4. til og med 6. klasse i Finland i 2014, og innslag av fleirfaglege undervisnings- og læringsaktivitetar vart obligatoriske. Artikkelen undersøkjer samfunns-kunnskapsdidaktiske vektleggingar og fleirfaglege (ämnesintegrerade) inngangar som kom til uttrykk i fem «klasslärares» intensjonar og praksis i eit prosjekt om entrepenørskap (företag-samhet) i 6.-klassar ved ein finlandssvensk byskule.

    Sebastian Piepenburg og Cecilia Arensmeier, båe ved Őrebro Universitet, er forfattarane av Demokratiutbildningens didaktik: Internalisering, tänkande och handlande. Siktemålet deira er å binda saman teoretiske innsikter om utdanning, medborgarskap, politische Bildung, demokratiteori og -innsikter og makt, og å skapa ei bru mellom dei relevante teorifelta på den eine sida og dei praktiske sidene ved opplæringa på den andre.

    Viktor Aldrin ved Högskolan i Borås har skrive artikkelen Eleven och den andre – Statliga attityder till religion och livsåskådning i riktlinjer om sammankomster med religiösa inslag i skolan 2012 och 1967. Aldrin analyserer delar av to retningslinedokument som er utgjevne av det svenske Skolverket/den svenske Skolöverstyrelsen. I desse har han analysert tekstutdrag som handlar om samlingar i skuleregi der elevar møter religion, til dømes i samband med høgtider.

    Lars Unstad, Camilla Stabel Jørgensen og Henning Fjørtoft, alle ved Noregs Teknisk -Naturvitskaplege Universitet – NTNU, har skrive artikkelen Lesing og skriving i religions- og livssynsfaget i den norske grunnskolen. En kartlegging av forskningsfeltet 2005-2018. I artikkelen vert 36 literacy-studiar retta inn mot religions- og livssynsfaget i grunnskolen presentert. Forfattarane kategoriserer studiane ut frå materialtype (lærebøker, læreplanar, lærartolkingar, bilete, multimodale tekstar) og fokus (lesing, skriving, lærar, elev).

    OM DEN REDAKSJONELLE PROSESSEN FOR DETTE NUMMERET AV NORDIDACTICA

    Våre observante lesarar vil oppdaga at Renate W. Banschbach Eggen (NTNUTrondheim) er medforfattar av leiarartikkelen denne gongen. Grunnen er at redaktør Camilla Stabel Jørgensen er ein av tre forfattarar av eit av dei publiserte arbeida. For å sikra at det ikkje kan mistenkjast at ho har vore involvert i prosessen med fagfellevurdering, publiserings- vurdering og omtale av denne artikkelen i Editorialen, vart Renate W. Banschbach Eggen oppnemnd som setteredaktør for denne artikkelen. Saman med Roar Madsen har ho administrert arbeidet med fagfellevurdering («granskning»), kontakt med og tilbakemeldingar til dei tre forfattarane og ho har dessutan samarbeidd med Madsen om å ta publiseringsav-gjerda. Ho har og vore med på å skriva editorial til dette nummeret. Nordidactica takkar henne for god innsats på kort varsel. Camilla Stabel Jørgensen har gjort solid innsats med dei andre sju publiserte artiklane i alle fasar av dei redaksjonelle prosessane. Ho har og lese gjennom denne editorialen og fått sjansen til å kommentera og koma med framlegg på alt anna enn det som handlar om den artikkelen ho sjølv er medforfattar av.

  • Nordidactica 2019:4
    Vol 9 Nr 2019:4 (2019)

    Det fjerde nummeret av Nordidactica 2019 er et temanummer med fokus på kjerneelementer og Store Ideer. Det inneholder seks bidrag: fire vitenskapelige artikler og to faglig-personlige kommentarartikler («position papers»). Bare én av artiklene er skrevet på norsk: At de øvrige tekstene er skrevet på engelsk henger sammen med at de er basert på bidrag som ble presentert under NCRE (Nordic Conference of Religious Education) 2019 der temaet var «Core elements and big ideas for religious education», arrangert ved NTNU 10.-14. juni 2019. De vitenskapelige artiklene har til sammen seks forfattere; fire kvinner og to menn med tilhørighet til institusjoner i Danmark, England og Norge. De to faglig-personlige kommentarartiklene er skrevet av en kvinne og en mann, begge med tilhørighet i England.

     

  • Nordidactica 2019:3
    Vol 9 Nr 2019:3 (2019)

    Detta temanummer fokuserar på komparativ ämnesdidaktik. Inom Nordidacticas intresseområde – ämnesdidaktiska studier inom geografi, historia, religionskunskap, samhällskunskap och statsvetenskap i Norden – är forskningen i mycket hög grad inramad av de enskilda ämnena. Studier som uttryckligen berör två eller flera ämnen är sällsynta. I syfte att uppmuntra ämneskomparation och samla pågående forskning tog Nordidacticas redaktionsråd initiativ till ett symposium vid NOFA-konferensen 2019. Ett call för manus med ämneskomparativt perspektiv utlystes också via Nordidacticas hemsida. Det är resultatet av detta call som utgör det aktuella numret. Efter sedvanlig peer-review-process publiceras här nu åtta artiklar som på olika sätt har komparation i centrum.

    Utgångspunkten var att uppmuntra ämnesjämförande studier, och alla bidragen i numret är i någon mening ämneskomparativa, utifrån varierande utgångspunkter. Fyra av bidragen rör svenska förhållanden. Här finns också två danska och ett finländskt bidrag, samt ett som rör hela Norden. Samtliga artiklar berör något eller några av ämnena religionskunskap, samhällskunskap, historia, geografi samt i ett fall även bildämnet. Författarna kommer från Sverige, Norge, Danmark och Finland och innefattar såväl doktorander som juniora och seniora forskare.

     

  • Nordidactica 2019:2
    Vol 9 Nr 2019:2 (2019)

    Det andre nummeret av Nordidactica 2019 inneheld ni fagfellevurderte artiklar og ein konferanseomtale. Artiklane har til saman 13 forfattarar, av desse er åtte kvinner og fem menn. Forfattarane har institusjonstilhøyre i Nederland, Finland, Sverige og Noreg.


    To av artiklane tek opp tematikkar som på ulike vis handlar om samefolka i norden. Denne leiarartikkelen har fått den delte engelsk-nordsamiske overskrifta Editorial/Oaivečálus. Leiarartikkelen er elles skrive på nynorsk, og denne gongen er fire av artiklane skrivne på engelsk, tre er skrivne på svensk og to er skrivne på majoritetsspråket i Noreg – bokmål. Til saman får dette fram nokon viktige sider av det kulturelle mangfaldet i Norden og av utfordringane knytte til språklege domenetap i akademia. Me oppmoder framleis sterkt dei som kan å skriva på svensk, dansk, bokmål eller nynorsk - til å publisera på desse språka. Nordidactica gir prioritet til publisering på desse språka, men gjev opning for publisering på engelsk. Det siste skal fyrst og fremst vera eit tilbod til dei som ikkje har gode brukarkunnskapar i svensk-, dansk- eller norsk språk.

       
  • Nordidactica 2019:1
    Vol 9 Nr 2019:1 (2019)

    I dette første nummeret av Nordidactica 2019, presenterer vi sju artikler og en bokmelding. Nummeret er det første som utgis etter at redaksjonen flyttet til Fagseksjon for samfunnsfagene ved Institutt for lærerutdanning på Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) i Trondheim. Majoriteten av artiklene – 5 av 7 – har likevel svenske forfattere, og majoriteten av artiklene er skrevet på engelsk – 4 av 7. Siden det inngår i Nordidacticas «syfte och mål» å utgi artikler på de nordiske språkene, vil vi som nyslåtte redaktører oppfordre til innsending av flere bidrag på dansk, norsk og svensk, selv om vi selvsagt også i fortsettlsen vil akseptere engelske bidrag. Å være en nordisk arena for publisering av forskning innenfor de samfunnsfaglige fagenes fagdidaktikk, er jo tidsskriftets øverste formål.

       
  • Nordidactica 2018:4
    Vol 8 Nr 2018:4 (2018)

    I detta specialnummer av Nordidactica, det sista för 2018, behandlas temat Hållbarhet i samhällsvetenskaplig utbildning och forskning: utmaningar och möjligheter. Frågor om hållbarhet är frekvent förekommande i samhällsdebatten och hålls levande, inte minst genom de dramatiska rapporter om klimatförändringar som publiceras och görs kända runtom i världen. Utmaningar som reser sig om hållbarhet överskrider emellertid miljö- och klimatområde och möter oss i såväl ekonomiska och sociala som kulturella former. Skolämnena geografi, historia, religionskunskap och samhällskunskap utgör disciplinära arenor där frågor om kunskap, värden och värderingar hålls samman, något som är centralt ur hållbarhetsperspektiv. Det gäller klimat- och miljöfrågor men också frågor om social rättvisa, frihet och mänskliga rättigheter i samtida såväl som historisk belysning.

     

  • Nordidactica 2018:3
    Vol 8 Nr 2018:3 (2018)

    I det här numret av Nordidactica publiceras fyra artiklar som alla uppmärksammar intressanta och viktiga utmaningar i SO-ämnen. De har sina respektive fokus riktade mot frågor som här och nu ger anledning att undersöka på vilket sätt dessa utmaningar kan analyseras och diskuteras kritiskt och konstruktivt, med inriktning på utveckling och möjligheter att finna vägar som bär framåt.

     

  • Nordidactica 2018:2
    Vol 8 Nr 2018:2 (2018)

    Det förra numret av Nordidactica hade ett historiedidaktiskt fokus med tre artiklar på varierande teman. Det här numret har i huvudsak ett religionsdidaktiskt fokus med två artiklar som behandlar ganska olikartade frågor. Dessutom finns en historiedidaktisk artikel med i 2018:2. Den SO-didaktiska mötesplats som Nordidactica är tänkt att vara visar således på bredd både mellan och i de olika numren.

     

  • Nordidactica 2018:1
    Vol 8 Nr 2018:1 (2018)

    Efter några nummer Nordidactica med ett fåtal historiedidaktiska artiklar kommer nu ett nummer med hela tre artiklar av just detta slag. Det är oundvikligen så att vi läser dessa artiklar på skilda sätt beroende på vår egen bakgrund. Saknar man själv specifik historiedidaktisk skolning så läser man artiklarna på ett mer övergripande sätt men också med andra referenspunkter än den generelle historiedidaktikern. Det är just detta som gör Nordidactica till en intressant SO-didaktisk mötesplats. Här får kunskapsutvecklingen inom de olika didaktikerna möjlighet att influera varandra. Det betyder att vi har möjlighet att se att många problem är gemensamma – kanske även bortom SO-didaktikens gränser, också i annan ämnesdidaktik – även om de tar sig skilda specifika uttryck. Detta uppmuntrar i sig till ökat ämnesdidaktiskt samarbete och fortsatt läsning bortom de specifika disciplinerna för att på så sätt öka såväl takt som skärpa i kunskapsutvecklingen. Det betyder även att vi har möjlighet att tydligare se vilken den unika karaktären på ett bidrag är, också bortom det mer triviala påståendet att ett bidrag handlar om historia och ett annat om geografi.

     

  • Nordidactica 2017:4
    Vol 7 Nr 2017:4 (2017)

    Föreliggande nummer av Nordidactica rymmer fyra bidrag. De två inledande artiklarna har ett fokus riktat mot en svensk utbildningskontext och frågor och utmaningar som kan formuleras med hänsyn till ämnet samhällskunskap. I en tredje artikel presenteras en studie av hur unga förstagångsväljare resonerar rörande vad som enligt egen utsago påverkat dem i samband med att de röstade valet i Norge 2013. Den fjärde artikeln behandlar frågan hur religionsundervisning kan och bör utformas i en finsk kontext och utgångspunkt för framställningen är här en studie där lärarstudenter getts möjlighet att beskriva hur de skulle vilja se en sådan utformning ta gestalt.

    Innehållet i det här numret präglas således både av ett djupare uppmärksammande av ett av de fyra SO-ämnena, ämnet samhällskunskap, och av en bredd genom att dels ge utrymme för en studie som torde ha intresse för undervisning om viktiga aspekter att beakta vid tolkning av påverkansfaktorer vid politiska val, dels lyfta frågor som rör olika modeller för religionsundervisning – frågor som inte minst mot bakgrund av samtida europeisk debatt ter sig intressant och angelägen.

     

  • Nordidactica 2017:3
    Vol 7 Nr 2017:3 (2017)

    En betydande del av den SO-didaktiska forskningen i Sverige under senare år har utförts av de aktiva lärare i grund- och gymnasieskolan, de forskarstuderande, som med hjälp av ett antal forskarskolor skrivit sina licentiatsuppsatser. När vi nu tar över som redaktörer för Nordidactica och redaktörskapet åter befinner sig på svensk mark har vi valt att särskilt lyfta fram detta arbete. Vid sidan av fyra nya artiklar som samtliga behandlar kunskapsområden som varit mindre uppmärksammade hittills återfinner vi i detta nummer recensioner av tre licentiatsuppsatser; en historiedidaktisk, en religionsdidaktisk och en samhällskunskapsdidaktisk.

       
  • Nordidactica 2017:2
    Vol 7 Nr 2017:2 (2017)

    I detta temanummer riktar vi intresse mot So-ämnenas undervisning i skolan. Vi tar vår utgångspunkt i vad de flesta lärare vet, men kanske inte alltid finner tid, utrymme eller någon lämplig plattform att uttrycka. Nämligen att all undervisning, och i förlängningen all utbildning – av nödvändighet – är omhuldad av risk (Biesta 2013), av det som är oväntat. Ambitionen i artiklarna är inte i första hand att lyfta fram detta oväntade som en omständighet eller nödvändighet i allmän mening i utbildningssammanhang. Ambitionen är snarare att utifrån denna nödvändighet resa frågor till den dagliga undervisningen i de samhällsorienterade ämnena religionskunskap, samhällskunskap och historia, alternativt i so-undervisning generellt. Utifrån skilda empiriska, i högre eller lägre grad teoretiskt färgade ansatser, prövar vi att resa frågor som på olika sätt knyter an till vårt överordnade syfte i temanumret, vilket är att undersöka om, och i så fall vilka särskilda villkor eller bevekelsegrunder som kan tänkas prägla just de samhällsorienterade ämnenas undervisning, sett i ljuset av det oväntade som en potential, som möjlighet.

    Om vad handlar då det oväntade i undervisningen i denna undervisning? Vår ingång står i intim relation till latinets ord för utbildning, educatio, vilket anger att utbildning har som överordnat syfte att se till människors uppfostran och formering, deras resning, upprättstående eller tillblivelse i världen. Utifrån latinets verb educo innefattar detta att utbildning handlar om att ”bring out or develop something latent or potential” (Alterhaug 2016, s 34, se referens i Editorial). Detta kan beskrivas i termer av en process där individer tillåts att träda fram i och genom sina kunskaper, subjektiviteter och kapaciteter, vilka framträder i relation till den sociala kontext som dessa är del av (ibid).

     
  • Nordidactica 2017:1
    Vol 7 Nr 2017:1 (2017)

    Epistemologies of Religious Education Research in the Nordic Welfare states

    As a research discipline subject matter didactics or subject didactics (“ämnesdidaktik”, “fagdidaktik(k)”) in the Nordic states has, as is the case in for instance other European regions, developed in relation to the academization and professionalization of the educational sciences in general and thus also to the education of teachers (Hofstetter & Schnewly, 2002). This also goes for religious education as an object of research as well as of developmental educational aspirations based on science or aiming at being science (Vetenskab, Wissenschaft). Unlike many other subject didactics, RE is, however, related to two sets of institutional practices that have shown a growing interest in education and religion – an interest with academic consequences – namely school and church. This has meant that RE was an established academic discipline in theological faculties in several Nordic countries, with roots in catechetic and practical theology, before the general interest in subject matter didactics increased from the 1960s onwards, often under the name religionspedagogik[k]/religionspædagogik [Pedagogy of Religion] (Osbeck & Lied, 2012a).

     

  • Nordidactica 2016:2
    Vol 6 Nr 2016:2 (2016)

    We would like to believe that in the Nordic countries and the German-speaking world subject didactics (ämnesdidaktik, fagdidaktik, Sachdidaktik) appears intelligible as a conceptual category and legitimate as a field of scientific enquiry to many, or most, of our colleagues in the faculties of education and the faculties of humanities and social sciences. As to where the specialists of subject didactics are located, there are also in the Nordic countries various organisational and institutional solutions. In some cases subject didactics specialists are mostly found in the faculties of pedagogy or teacher education, in some other they are likely to be in the faculties of humanities and social sciences, depending on their disciplinary background.

    These different solutions have both advantages and disadvantages. In the first, there are probably better opportunities to integrative collaboration between specialists of subject didactics of different subjects, and also educational sciences may provide a congenial environment for theoretical, conceptual and empirical work within subject didactics. However in that institutional framework it is also possible that educational sciences, including educational psychology, set the premises to relevant research on teaching and education in such ways that it relegates subject didactics to the margins of educational research and calls it into question as a useful conceptual category. In cases where subject didactics is located in the faculties of ’substance disciplines’, it may be easier for a subject didactics specialist to speak the same language and share interests regarding research topics with colleagues. On the other hand, distance from the world of education and teaching is likely to grow and the opportunities to cross boundaries between different subjects’ didactics may be few.

     

  • Nordidactica 2016:1
    Vol 6 Nr 2016:1 (2016)

    During the conferences NOFA 5 in Helsinki and NGM (Nordic Geographers Meeting) in Tallin (May and June 2015 respectively), we invited participants to make contributions in a special issue on geography education in the journal Nordidactica, on the foundation of their conference abstracts and presentations.
    The conference sessions on geography and education had a broad thematic spectrum, including practical as well as theoretical aspects of teaching, studying, and learning geography in schools and at institutes of higher education. With this special issue we want to continue the discussion on the themes of geography and education in the Nordic context. But the aim is also to broaden the exchanges with ongoing research on geography education in Europe, and in the rest of the world. The issue will highlight the challenges of geography education in line with the conference themes “Changing Subjects, Changing Pedagogies: Diversities in School and Education” and “Geographical Imagination: Interpretations of Nature, Art, and Politics”.

    The following number of Nordidactica contains a selection of the presentations given at the above-mentioned Nordic conferences in 2015, developed and extended into full papers.

     

  • Nordidactica 2015:4
    Vol 5 Nr 2015:4 (2015)

    In 2015 Nordidactica has published two special issues, one on religious education and one on history education, plus two open issues. Articles on geography education and social science education were sparse in 2015 but in 2016 Nordidactica will publish a special issue on geography education. We have every reason to expect  that also themes of social science education will be covered more often in the future.

    SPECIAL ISSUE

    The issue 2015:4 includes five articles and a book review. In fact the issue holds two ’mini special issues’: one on history teaching at university, and one on (post)colonial perspectives on history teaching. Marjaana Puurtinen, Markus Nivala and Arja Virta discuss the historical thinking of history students at the university, and they find that students do not have as good a command of advanced historical thinking as we might expect. They suggest that more attention should be given to students’ scaffolding and to the study of how history is learnt at a university level. Also Anna-Lena Lilliestam discusses history in higher education: she analyses how beginner teachers understand history and history teaching and she recommends that history teacher students should be offered more opportunities to develop their historical reasoning abilities, including ability to perspective-taking.

    PIA MIKANDER - COLONIALIST “DISCOVERIES” IN FINNISH SCHOOL TEXTBOOKS

    Pia Mikander focuses in her article on the discourses of ’West ’ and ’others’ in history books in Finnish comprehensive school. She finds much to criticise in the images of Western explorers and their voyages of discovery, and she ponders alternative points of departure for handling those topics in history teaching. Jan Löfström analyses the notions of culture and cultural difference in the upper secondary school course on the history of non-Western societies, and he shows how systemic factors easily slow and obstruct the use of perspectives that could be fruitful to the development of students’ intercultural competences. Lise Kvande discusses in her article narratives about the Sami people and how they have changed in history textbooks in Norway. She points out that this topic is relevant not only to multiculturality debate in general but also to our better understanding the connections between history and ethnopolitics. The last contribution is Niclas Lindström’s review essay on a recent book on ethics education.

  • Nordidactica 2015:3
    Vol 5 Nr 2015:3 (2015)

    Det 28e Nordiska Historikermötet ägde rum den 14–17 augusti 2014 vid Östra Finlands universitet i Joensuu, Finland. Huvudtemat för konferensen var ”Övergångar: gränser och möten i nordiska rum”. I konferensens internetsida konstaterades att rubriken syftade inte endast på övergångar över fysiska och geografiska riksgränser eller gränser mellan etniciteter utan den var menad också som hänvisning till mentala rörelser över gränser som kan finnas mellan olika rum, tider och discipliner.

    Vid det 27e Nordiska historikermötet i Tromsö 2011 hölls en välbesökt session om historiedidaktik. Konferensledningen i Joensuu kom våra sessionsförslag till mötes när vi undertecknade föreslog en halvdagssession och ett rundabordssamtal om skolämnet historias roll i ett flerkulturellt samhälle. I programmet kom således att ingå en session med rubriken ”Historiemedvetande i det flerkulturella samfundet” och ett rundabordssamtal med rubriken ”Historieundervisningen inför utmaningar av ett flerkulturellt samhälle: erfarenheter, spörsmål och strategier”.

    Våra förslag motiverades av intresset att problematisera och analysera hur historiemedvetandet formar och formas av människors kulturellt bestämda värden, identitetsfrågor och föreställningar om vi och andra. Till exempel, situationen för nationella minoriteter i nordiska länder som samer eller romer, gränsbefolkningar som tornedalsfinnar i Sverige eller tyskar i Sönderjylland samt nya invandrargruppers diasporaerfarenheter kan belysas både historiskt i ett samhällsperspektiv och ur ett livsvärldsperspektiv. Vilka utmaningar står då historieämnet inför i fråga om att inkludera nya grupper, och hur återspeglas situationen i läroplaner, undervisning och läroböcker?

    DISKUSSIONER OCH OBSERVATIONER

    Den ovannämnda sessionen och rundabordssamtalet diskuterade erfarenheter och observationer som berör skolans historieundervisning och hur den kan stödja tanke- och handlingsmodeller som bidrar till en fördjupad förståelse av sociala och kulturella processer och förhållanden i ett flerkulturellt samhälle. Nyckelbegrepp var kulturella identiteter, interkulturell kompetens, historiemedvetande, reflexivitet, konflikt och konfliktlösning. Deltagarna ställdes frågor som till exempel hur har historieundervisningen och dess tyngdpunkter förändrat sig i takt med att samhället har blivit mera flerkulturella och vilka strategier kan eventuellt rekommenderas på grund av forskning på detta område? Har den nya kulturella diversiteten i samhället bidragit till att förändra hur man ser på minnets och historiens samhälleliga och kulturella betydelse i den allmänna historiediskussionen och i historieundervisning? Hur har historiedidaktisk forskning i Norden svarat på dessa aktuella utmaningar?

    Detta temanummer innehåller en del av presentationer i våra sessioner i Joensuu i utvidgad och bearbetad form. Alla artiklar förhåller sig till ett gemensamt dilemma: att föreställningen om en enhetskultur – ett språk, en historia, en gemenskap – har brutit samman. Men såvida historieämnets tidigare roll var att skapa och socialisera en enhetskultur, kan man fråga sig vilken ämnets roll är idag?

     
  • Nordidactica 2015:2
    Vol 5 Nr 2015:2 (2015)

    This edition of Nordidactica is a special issue focusing on research in the field of Religious Education (RE) and gives a comparative perspective on RE in the Nordic countries. The special edition is a result of a cooperation between reseachers from the Nordic countries and England following a symposium at the Nordic Conference of Religious Education (NCRE) in Reykjavik, Iceland, in June 2013.

    Special Editor is Oddrun M.H. Bråten from Sør-Trøndelag University College, Norway. She has also written the Introduction.

  • Nordidactica 2015:1
    Vol 5 Nr 2015:1 (2015)

    Nordidactica nr 15:1 rummer seks artikler. De første fire artikler spreder sig eksemplarisk over de fire fag, religion, geografi, historie og samfundsfag som er kernen i Nordidactica. De sidste to artikler har karakter af et review af samfundsfagsdidaktiske afhandlinger i Sverige.

    Tove Nicolaisens sætter i artiklen Elevers komplekse identitetskrav som utfordring i religions- og livssynsundervisning spørgsmålstegn ved det hensigtsmæssigheden i de krav om støtte af elevernes identitetsskabelse, der ligger i den norske RE-læreplan.

    Helen Schmidinger og Anders Brandt har i deres artikelNärområdesexkursioner och inre motivation för bättre lärande: en studie i svenska gymnasieskolan undersøgt forholdet mellem ekskursioner i nærområdet og motivation.

    I artiklen Historiefagets forhold til redegørelse skriver Heidi Eskelund Knudsen om redegørelse i historiefaget i den danske gymnasieskole. Redegørelse oversætter hun i det engelske abstract til narrative.

    Anders Stig Christensen skriver om Demokrati- og medborgerskabsbegreber i grundskolens samfundsfag i Danmark, Norge, Sverige og Tyskland. Omdrejningspunktet i artiklen er demokratibegrebet i samfundsfagsundervisningen.

    Göran Bergström og Linda Ekström undersøger i deres to artikler Mellan ämne och didaktik – om ämnesteorins roll inom samhällskunskapsdidaktiken og ”Att lyssna på lärarna” – en metodologisk utmaning, svenske afhandlinger om samfundsfagsdidaktik. Der er tale om et meget vigtigt bidrag, som ser kritisk på afhandlingerne og gør en form for status over, hvilken kundskab de har bidraget med. I den forstand er der tale om review-artikler, som er ret unikke inden for det didaktiske felt.

    En längre presentation av artiklarna finner du i Editorial.

     
  • Nordidactica 2014:2
    Vol 4 Nr 2014:2 (2014)

    Det er med stor glæde, at vi kan præsentere Nordidactica nr 14:2

    Nordidactica 2014:2 är ikke noe temanumre. I 14:2 er der seks svenske, to norske, en finsk og ingen danske artikler. Til gengæld, og sådan er det ofte, når et land ikke har så mange artikler med, giver det mulighed for at finde reviewere i dette land. I 14:2 er otte reviewere danske og en international. En tredje balance er mellem fag. I 14:2 bidrager historie med fem artikler, samfundsfag og religion med hver to og geografi med en. En sidste indikator vi vil nævne er referencer mellem de enkelte numre af Nordidactica.

    Det kan gøres op på flere måder, men en simpel måde er at se på om der blandt referencerne i de enkelte artikler er artikler som tidligere er publiceret i Nordidactica. Vi har ikke lavet nogen optælling, men dog lagt mærke til det, hver gang vi fandt en. Og der synes at tegne sig en stigning i den type af referencer, hvilket indikerer, at Nordidactica ikke kun er et sted hvor forskere publicerer deres artikler, men også en sted hvor de orienterer sig om forskningsresultater. Du finder en presentasjon av artiklerne i "Editorial".

  • Nordidactica 2014:1
    Vol 4 Nr 2014:1 (2014)

    Nordidactica 2014:1 er ett temanummer om interdisciplinaritet. Det indeholder 11 artikler, der belyser problemstillinger knyttet til samfundsfagenes didaktik og interdisciplinaritet.

    Den indledende artikel er en editorial der belyser en skitse til en fagdidaktisk forståelse af de udfordringer, der opstår for skolefag, når de mödes af kravet om interdisciplinaritet, og en skitse til en almendidaktisk forståelse af, hvad det er for krav om interdisciplinaritet, der opstår i skolesystemet, og hvorfor de opstår. Disse to skitser er taenkt som et bidrag til en teoretisk ramme for den almendidaktiske og fagdidaktiske diskusson om interdisciplinaritet. Editorial praesenterer også et begrebsapparat, der kan anvendes i diskussion af og mellem temanummerets artikler. Derudover indeholder editorial også en praesentation af de 10 övrige artikler.

  • Nordidactica 2013:2
    Vol 3 Nr 2013:2 (2013)

    Nordidactica nummer 13:2 indeholder syv artikler. Desuden bringer vi en anmeldelse af en ph.d.-afhandling.

    Nordidactica er et fagdidaktisk tidsskrift med fokus på undervisning og læring i samfundsfag, historie, religion og geografi. De syv artikler i dette nummer adresserer tre af disse fire fag, således af den første adresserer samfundsfag, de to næste historie og de tre sidste (plus den syvende) religion - inklusiv etik og livskundskab. Den anmeldte ph.d.afhandling adresserer geografifaget. 

  • Nordidactica 2013:1
    Vol 3 Nr 2013:1 (2013)

    This issue of Nordidactica is a special issue. The articles are based on papers presented at the conference ”Globalization and School Subjects – Challenges for Civics, History, Geography and Religious Education” at The University of Karlstad in December 2012.

    In this issue of Nordidactica writers from primarily the Nordic countries, but also from Australia, Turkey and Lebanon in various ways addresses the problem of Globalization and Citizenship in primary and secondary education. Some of the articles focuses on specific subjects; History, Social Science, Religion and Geography. Most of the articles have a strict didactical perspective; others have a more explorative perspective, political socialization of Swedish youth and the state of citizen education in Lebanon. All the articles are proceedings from a conference on Globalization and School Subjects - Challenges for Civics, History, Geography and Religious Education” organized by Karlstad University, December 2012. In the Introduction to 2013:1 Globalization and School Subjects you will find the Table of Contents with a short presentation of each article.

    We are happy to present no less than 12 articles. We have divided them into four parts:

    • In the first part we publish an article based on one of the keynote speeches
    • In the second part we publish two articles analyzing and discussing civics in the aftermath of the terror attack in Oslo on July the 22nd 2011
    • In the third part we publish four articles contributing to comparative and intercultural perspectives
    • In the fourth part we publish five articles debating the issue of civics in a local and a global context
     
1-25 av 29