Vol 10 Nr 2020:1 (2020): Nordidactica 2020:1

Dette nummeret inneheld åtte vitskaplege artiklar skrivne av 14 forskarar på åtte ulike universitet og høgskular i Sverige, Noreg og Finland. Den faglege breidda er stor, og denne gongen ligg det kvantitative faglege tyngdepunktet innanfor samfunnskunnskapen. I nummeret finst både tydeleg teoridrivne arbeid i skjeringspunkta mellom vitskapsteori og fagdidaktikk og arbeid som fyrst og fremst har utgangs- og utsiktspunkt i dei konkrete undervisnings- og læringsaktivitetane. Det er ei breidde som eit vitskapleg tidsskrift på våre felt bør dyrka.
Teoridrivne tilnærmingar bør diskuterast, vidareutviklast kritisk og modellane dei utviklar for undervisninga og læringa i og av fag bør sjølvsagt utprøvast. Teoridrivne tilnærmingar kan på sitt beste, særleg dersom dei samla utgjer eit kritisk mangfald, vera med på å sikra både forskingsfelta og praksisfelta mot å verta det dansken Steen Wackerhausen omtalar som ”skjeve erfaringsrom” og ”handlingsbåren ukunnskap” (Wackerhausen 2015). Eksempelfiguren hans -”den intuitive lærer”, har ganske sikkert ein parallell som kunne vore kalla den intuitive forskaren.
Me vonar at lesarane finn både nye innsikter, teoretisk, empirisk og metodisk inspirasjon til eigne arbeid og eiga undervisning, inspirasjon til fagleg ordskifte, og dessutan idear til Nordidactica-publiseringar som eignar seg for pensumlistene på universiteta og høgskulane.

Alexandre Dessingué ved Universitetet i Stavanger har skrive Developing Critical Historical Consciousness:Re-thinking the Dynamics between History and Memory in History Education. Forfattaren tek utgangspunkt i at relevansen til skjeringspunkta mellom historiedidaktisk teori, historiefagets vitskapsteori og minneteorien har vorte lyfta gjennom aukande fokus på historisk tenkjing og historiemedvit. Dessingué peikar på at historiemedvit har vorte eit sokalla kjerneelement for historiefaget (i Noreg) i læreplanen som skal gjelda frå 2020.

Mikael Berg og Anders Persson, båe ved Högskolan Dalarna, har skrive artikkelen Graderande granskning och förklarade glapp: Svensk historie- och samhällskunskaps-didaktisk forskning om lärares bedömningspraktik 2009–2019. Arbeidet er ein tekstanalytisk studie av åtte lisensiatavhandlingar, fire doktorgradsavhandlingar og ein reviewartikkel frå dei siste ti åra, fordelt nokso likt  mellom ”historiefeltet” og ”samfunnskunnskapsfeltet”.

Kjetil Børhaug og Mona Langø ved Universitetet i Bergen har skrive artikkelen Engasjementsfaget – Er samfunnskunnskap engasjerende for elevene? Dette er ein studie av elevengasjement slik det er uttrykt, forklårt og forstått i intervju av ei lita gruppe elever som tek det valfrie fordjupingsfaget Sosiologi og sosialantropologi i norsk vidaregåande skule. Det overordna spørsmålet dei søkjer å finna svar på, er i kva grad elevane vert engasjerte til å delta i undervisninga - og i kva grad dei vert engasjerte emosjonelt, kognitivt eller politisk av og i dette samfunnskunnskapsfaget.

Nora E. Hesby Mathé og Eyvind Elstad frå Universitetet i Oslo har skrive artikkelen Exploring students’ effort in social studies. Arbeidet handlar om elevinnsats i det obligatoriske samfunnsfaget i den norske vidaregåande skulen. Samfunnsfag er eit obligatorisk fag både for elevar på studieførebuande utdanningsprogram og på yrkesfaglege studieprogram, etter same læreplan. Metoden i arbeidet er kvantitativ, og ei omfattande spyrjeundersøking med 111 postar er nytta.

Nina Mård ved Åbo Akademi har skrive Samhällslära i ämnesintegrerad undervisning – En fallstudie av finländska klasslärares praktik. Samfunnslære (Samhällslära) vart innført som obligatorisk fag frå 4. til og med 6. klasse i Finland i 2014, og innslag av fleirfaglege undervisnings- og læringsaktivitetar vart obligatoriske. Artikkelen undersøkjer samfunns-kunnskapsdidaktiske vektleggingar og fleirfaglege (ämnesintegrerade) inngangar som kom til uttrykk i fem «klasslärares» intensjonar og praksis i eit prosjekt om entrepenørskap (företag-samhet) i 6.-klassar ved ein finlandssvensk byskule.

Sebastian Piepenburg og Cecilia Arensmeier, båe ved Őrebro Universitet, er forfattarane av Demokratiutbildningens didaktik: Internalisering, tänkande och handlande. Siktemålet deira er å binda saman teoretiske innsikter om utdanning, medborgarskap, politische Bildung, demokratiteori og -innsikter og makt, og å skapa ei bru mellom dei relevante teorifelta på den eine sida og dei praktiske sidene ved opplæringa på den andre.

Viktor Aldrin ved Högskolan i Borås har skrive artikkelen Eleven och den andre – Statliga attityder till religion och livsåskådning i riktlinjer om sammankomster med religiösa inslag i skolan 2012 och 1967. Aldrin analyserer delar av to retningslinedokument som er utgjevne av det svenske Skolverket/den svenske Skolöverstyrelsen. I desse har han analysert tekstutdrag som handlar om samlingar i skuleregi der elevar møter religion, til dømes i samband med høgtider.

Lars Unstad, Camilla Stabel Jørgensen og Henning Fjørtoft, alle ved Noregs Teknisk -Naturvitskaplege Universitet – NTNU, har skrive artikkelen Lesing og skriving i religions- og livssynsfaget i den norske grunnskolen. En kartlegging av forskningsfeltet 2005-2018. I artikkelen vert 36 literacy-studiar retta inn mot religions- og livssynsfaget i grunnskolen presentert. Forfattarane kategoriserer studiane ut frå materialtype (lærebøker, læreplanar, lærartolkingar, bilete, multimodale tekstar) og fokus (lesing, skriving, lærar, elev).

OM DEN REDAKSJONELLE PROSESSEN FOR DETTE NUMMERET AV NORDIDACTICA

Våre observante lesarar vil oppdaga at Renate W. Banschbach Eggen (NTNUTrondheim) er medforfattar av leiarartikkelen denne gongen. Grunnen er at redaktør Camilla Stabel Jørgensen er ein av tre forfattarar av eit av dei publiserte arbeida. For å sikra at det ikkje kan mistenkjast at ho har vore involvert i prosessen med fagfellevurdering, publiserings- vurdering og omtale av denne artikkelen i Editorialen, vart Renate W. Banschbach Eggen oppnemnd som setteredaktør for denne artikkelen. Saman med Roar Madsen har ho administrert arbeidet med fagfellevurdering («granskning»), kontakt med og tilbakemeldingar til dei tre forfattarane og ho har dessutan samarbeidd med Madsen om å ta publiseringsav-gjerda. Ho har og vore med på å skriva editorial til dette nummeret. Nordidactica takkar henne for god innsats på kort varsel. Camilla Stabel Jørgensen har gjort solid innsats med dei andre sju publiserte artiklane i alle fasar av dei redaksjonelle prosessane. Ho har og lese gjennom denne editorialen og fått sjansen til å kommentera og koma med framlegg på alt anna enn det som handlar om den artikkelen ho sjølv er medforfattar av.

Publicerad: 2020-06-10