Vol 10 Nr 2020:3 (2020): Nordidactica 2020:3

I Nordidactica nr. 3 2020 publiserer me seks vitskaplege artiklar skrivne av 11 forfattarar frå universitet og høgskular i Noreg, Sverige, Finland og Danmark. Mot slutten av den tiande årgangen av Nordidactica, er det gledeleg å sjå at Nordidactica er godt etablert som samnordisk arena for våre felt innanfor ulike delar av humaniora- og samfunnsfag-didaktikken. Centrum för de Samhällsvetenskapliga ämnenas Didaktik (CSD) ved Karlstads universitet fortener ros å skapa denne samnordiske visjonen, og for å ha gjort den til røyndom (realitet) i samarbeid med eit samnordisk redaksjonsråd og vekslande vitskaplege redaktørar frå ulike nordiske land. Nordidactica vil markera jubileet i løpet av 2021.

Den fyrste artikkelen, Videnstaksonomier, progression og fordybelse i historieundervisning, er skrive av Loa Ingeborg Bjerre (University College Lillebælt) og Hans Dorf (Aarhus Universitet). I denne artikkelen analyserer Bjerre og Dorf kva det vil seia å utvikla og kvalifisera (historie)forståing i skulen. Eit av poenga deira er kritikk av undervisning utan avbrekk frå notidig stillingstaking, fordi det fremjer kronosentrisme. Sagt meir spissformulert, og med redaksjonens eigne ord, kan det lett føra til samtidsimperialisme eller anakronistiske feilslutningar.

Myndiggjøring gjennom kritisk minnebevissthet: Minnestudier i didaktisk perspektiv er artikkel nummer to. Forfattarane er Alexandre Dessingué og Ketil Knutsen, båe ved Universitetet i Stavanger. Dette er eit teoretisk arbeid som siktar mot å utvikla ein myndiggjerande minnedidaktikk som kviler på kritisk minnemedvit – som ein del av det historiedidaktiske feltet. Siktemålet gjer det påkravd å klårgjera kva minne er i høve til kva historie er.

Sidsel Undseth Bakke og Geir Skeie ved Universitetet i Stavanger er forfattarane av Minnematerialet etter 22. juli som didaktisk ressurs i religions- og livssynsundervisningen. Medan Dessingué og Knutsens arbeid er ei teoretisk drøfting av minnekultur som eit bidrag til historiedidaktikken, tek Bakke og Skeie sin artikkel opp eit konkret minnemateriale, og vurderer premiss for religionsdidaktisk bruk av det.

Artikkel fire er skrive av forfattarane Najat Ouakrim-Soivio, Sirkku Kupiainen og Jukka Rantala, alle frå Helsingfors universitet. Dei har skrive Interest or importance: Predicting Finnish students’ end of school attainment in history and social studies. Studien deira byggjer på samanlenkte sekundærdata frå to typar kjelder og på to tidspunkt, slutten av ungdomsskulen og ved slutten av studieførebuande vidaregåande skule.

Det femte bidraget er “Vi … er på vei inn i en tidsalder der det i stor grad er kvinnekjønnet som setter premissene for samfunnsutviklingen” – en kritisk analyse av lærebøker i samfunnsfag, skrive av Marte Handal ved Universitetet i Stavanger. Dette er ein kvalitativ lærebokstudie av norske lærebøker gjennomført med eit kritisk diskursteoretisk utgangs-punkt. Handal har analysert tre samfunnsfaglærebøker som er gjeve ut etter førre læreplanrevisjon (2013). Forfattaren finn at temaet kjønnsroller har fått tydeleg (om ikkje særleg stor) plass i alle lærebøkene. Ho finn likevel at likestilling er lite tematisert . 

Artikkelen Bedömning som ett kunskapsideologiskt ställingstagande: lärares bedömningsstrategier och samhällskunkapsämnets laborative, analytiska och avgränsade kunskapsinnehåll er skrive av Mikael Berg ved Högskolan Dalarne og Västerbergslagens Utbildningsförbund. Berg konstaterer at samfunnskunnskapens (del av paraplyen Samhällsorienterande ämnen i svensk grunnskule) kunnskapsinnhald har vorte relativt mykje forska på. Han peikar på at tidlegare studie av «provkonstruktioner» viser at prøvene etterspør ulike former for kunnskapsinnhald, dei uttrykkjer ulike kunnskapsideologiar.

Publicerad: 2020-10-22