Vol 9 Nr 2019:2 (2019): Nordidactica 2019:2

Det andre nummeret av Nordidactica 2019 inneheld ni fagfellevurderte artiklar og ein konferanseomtale. Artiklane har til saman 13 forfattarar, av desse er åtte kvinner og fem menn. Forfattarane har institusjonstilhøyre i Nederland, Finland, Sverige og Noreg.


To av artiklane tek opp tematikkar som på ulike vis handlar om samefolka i norden. Denne leiarartikkelen har fått den delte engelsk-nordsamiske overskrifta Editorial/Oaivečálus. Leiarartikkelen er elles skrive på nynorsk, og denne gongen er fire av artiklane skrivne på engelsk, tre er skrivne på svensk og to er skrivne på majoritetsspråket i Noreg – bokmål. Til saman får dette fram nokon viktige sider av det kulturelle mangfaldet i Norden og av utfordringane knytte til språklege domenetap i akademia. Me oppmoder framleis sterkt dei som kan å skriva på svensk, dansk, bokmål eller nynorsk - til å publisera på desse språka. Nordidactica gir prioritet til publisering på desse språka, men gjev opning for publisering på engelsk. Det siste skal fyrst og fremst vera eit tilbod til dei som ikkje har gode brukarkunnskapar i svensk-, dansk- eller norsk språk.

Fredrik Alvén (Malmö Universitet) har skrive Var framtiden bättre förr? Temporal orientering i skolpolitiska dokument. Dette er ein studie av korleis føremålet med den obligatoriske skulen generelt og medborgaropplæringa (”civic education”) spesielt vert omtala i formelle læreplanar og utdanningspolitiske dokument frå styresmaktene i Sverige i dei to periodane 1969-1980 og 1990-2011. Dette bidraget til å forstå utdanningshistoria byggjer på det historiedidaktiske sentralomgrepet historiemedvit (”historical consciousness”).

David Rosenlund (Malmö Universitet) har skrive Powerful knowledge and the issue of equity: How students from different backgrounds approach procedural aspects of history in large-scale testing. I denne analyserer han 100 elevsvar frå ein svensk nasjonal historieprøve i niande klasse (åk 9). Forskingsspørsmålet hans er kva slags innhaldsspesifikke skilnader mellom elevar med svensk og ikkje-svensk kulturbakgrunn som kan observerast når ein analyserer svar på ein del av denne nasjonale prøva.

Lina Spjut (Umeå Universitet) har skrive artikkelen Stereotyper och rasbegreppet i finlandssvenska läroböcker: En textnära komparation av beskrivninger av samer under fyra decennier. Dette er ein innhaldsstudie av korleis geografilærebøker for ein minoritet (dei finlands-svenske) i Finland har omtala ein annan minoritet (samefolket). Dette doble minoritets-aspektet er interessant, både sjølv om og nettopp fordi finlandssvenskane tidlegare har vore ein ”statsberande” minoritet. Forfattaren har studert lærebøker utgjevne i 1963, 1972, 1981 og i 1997.

Lisbeth Bergum Johanson og Helge Christian Pedersen (Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet) har skrive ”La elva leve”: Alta-saken som rollespill i historie-undervisninga. Alta-saka var ei av dei største politiske konfliktsakene i moderne norsk historie, og fletta saman miljøpolitisk og samepolitisk mobilisering mot store vassdragsutbyggingsplanar i Finnmark. Saka fekk stor tyding for den seinare samepolitikken i Noreg, men truleg indirekte ogso i Sverige og Finland.

Súsanna Margrét GestsdóttirJannet van Drie og Carla van Boxtel (alle frå Universiteit van Amsterdam) har skrive Teaching historical thinking and reasoning in upper secondary schools in Iceland: results of an observation study. Forskingsspørsmålet deira er ”To what extent do Icelandic history teachers teach historical thinking and reasoning at the upper secondary level?” Forfattarane har brukt Teach-HTR som ”observasjonsinstrument” for 54 historieundervisnings-økter som er filma.

Mari Kristine Jore (Høgskulen på Vestlandet) er forfattaren bak Eurocentrism in Teaching about World War One – a Norwegian Case. Studien analyserer både læreplan og læringsmateriell, PowerPointpresentasjonar, klasseromsobservasjonar, feltsamtaler med lærarar og intervju med elevar i norsk ungdomsskule. Jore hevdar at aspekt knytte til imperialisme og koloniar har ein tvetydig plass i undervisninga om den fyrste verdskrigen.

Malin Tväråna (Stockholms universitet) er forfattar av Tycka eller tänka om rättvisa – vad främjas i mellanstadiets samhällskunskapsundervisning? Dette undersøkjast blant sjetteklassingar og meir konkret knytt til spørsmål som har med kriminalitet og straff å gjera. Som forfattaren skriv:”Artikeln utgår ifrån en intervenerande, iterativ designstudie, där försök görs att i grundskolan utveckla en undervisning på området lag og rätt, som frångår ett mer traditionelt fokus på procedurer och sociologiska förklaringsmodeller till förmån för skapandet av en undervisning där kritiskt resonerande övas och utvecklas.”

Markus Hilander (Helsingfors universitet) har skrive A geographical reading of Ronald Barthes: A smartphone model for the interpretation of photographs in geography education. Forfattaren hevdar at geografifaget manglar ein visuell teori, trass i at faget er svært visuelt orientert. Hilander har gjort eit nyskapande geografididaktisk arbeid gjennom ei geografisk lesing av Roland Barthe’s Elements of Semiology (1964), som deretter har vorte utgangspunkt for ein smarttelefonmodell for tolking av foto i geografiopplæringa.

Irene Trysnes og Asbjørn Smeland (Universitetet i Agder) er forfattarane bak Like barn leker best? Ungdomsskoleelevers holdninger til religiøse og verdiorienterte symboler. Denne artikkelen er ei utforsking av skuleungdomar sine haldningar til bruk av religiøse eller andre verdiorienterte symbol eller klesplagg. Undersøkinga er gjennomført blant ungdomar i niande og tiande klasse ved fem ulike skular i Agderfylka. Elevar frå kristne privatskular inngår i utvalet.

Til slutt har Niklas Ammert og Kristina Kakoulidou skrive Rapport från XIII:e konferensen med Nationella nätverket för historiedidaktisk forskning, 8-10 maj 2019 ved Linnéuniversitetet.

 
Publicerad: 2020-06-10