Vol 10 Nr 2020:2 (2020): Nordidactica 2020:2

Redaksjonen er glade for å publisera nummer 2 2020 med sju fagfellevurderte artiklar i ei tid med mange koronautløyste meirutfordringar for universiteta, høgskulane og skulane. Likevel er stofftilgangen betre enn nokon gong tidlegare sidan Nordidactica fyrst kom ut i 2011. Det er gledeleg, men samstundes arbeidskrevjande for redaksjonen.

Nummer 2 vart kunngjort som temanummer om dei doble oppdraga til forskings-, lærar-utdannings- og skulefaga innanfor publiseringsfeltet vårt, ogso med særskilt oppmoding til kritiske analysar av etablerte «sanningar» på fagfelta våre. To av dei sju bidraga er innanfor temanummerutlysinga. Desse to vert difor presentert fyrst i denne editorialen. Det reduserer sjølvsagt ikkje verdien av dei fem andre arbeida.

 

Publicerad: 2020-06-26