Editorial 2020:2

Författare

  • Madsen Roar NTNU Trondheim
  • Camilla Stabel Jørgensen NTNU Trondheim

Nyckelord:

Editorial

Abstract

Redaksjonen er glade for å publisera nummer 2 2020 med sju fagfellevurderte artiklar i ei tid med mange koronautløyste meirutfordringar for universiteta, høgskulane og skulane. Likevel er stofftilgangen betre enn nokon gong tidlegare sidan Nordidactica fyrst kom ut i 2011. Det er gledeleg, men samstundes arbeidskrevjande for redaksjonen. Dei sju artiklane er skrivne av til saman 14 forfattarar. Fire eineforfattarar og tre artiklar skrivne i samarbeid mellom fleire forskarar. Bidraga kjem frå tilsette ved fire svenske og tre norske lærestader, og publiseringsspråka er svensk (tre), nynorsk (to), bokmål (ein) og engelsk (ein). Nummer 2 vart kunngjort som temanummer om dei doble oppdraga til forskings-, lærar-utdannings- og skulefaga innanfor publiseringsfeltet vårt, ogso med særskilt oppmoding til kritiske analysar av etablerte «sanningar» på fagfelta våre. To av dei sju bidraga er innanfor temanummerutlysinga. Desse to vert difor presentert fyrst i denne editorialen.

Publicerad

2020-06-25