Kampen om samfunnsfaget – eit forskingsoversyn med vekt på lærarane si rolle

Författare

  • Kjetil Børhaug Universitetet i Bergen
  • Kim Helsvig OsloMet

Nyckelord:

LÆRARPROFESJONALITET, FAGDIDAKTIKK, SAMFUNNSFAG.

Abstract

Fagdidaktikken gjeld alle sider ved skulefaget, men den samfunnsfagdidaktiske litteraturen er påfallande lite oppteken av kva som påverkar faget. Kritisk tenking for lærarar handlar også om å ta stilling til kva faget burde vera og forstå korleis dei sjølve kan påverka. Til dette trengst ein slik vidt forstått fagdidaktikk som element i lærarprofesjonen sitt kunnskapsgrunnlag. Faget kan truleg påverkast frå fleire nivå, både transnasjonalt, nasjonalt, og lokalt på skuleeigarnivå, skuleleiarnivå og på lærarkollegienivå. I lys av den store vektlegginga av profesjonsutvikling av norske lærarar dei seinare åra vil vi venta at lærarane er viktige. Dersom dei ikkje er det, vil det vera uttrykk for ei svak profesjonalisering. Forsking om kva som påverkar faget, må ta utgangspunkt i kunnskapsstatus, og ein slik samla gjennomgang ligg ikkje føre. Derfor tilbyr vi i denne artikkelen ein forskingsgjennomgang av norsk samfunnsfagdidaktisk og utdanningshistorisk forsking med vekt på kva for aktørar og institusjonar som påverkar samfunnsfaget. Konklusjonen er at påverknaden på faget er mangelfullt utforska, men det er få spor av myndige lærarar.

Författarbiografier

Kjetil Børhaug, Universitetet i Bergen

Kjetil Børhaug (f. 1963) er statsvitar og professor i samfunnsfagdidaktikk ved Universitetet i Bergen. Han har publisert nasjonalt og internasjonalt om samfunnsfagdidaktiske problemstillingar, særleg knytte til politikkdidaktikk og demokratisk danning.

Kim Helsvig, OsloMet

Kim G. Helsvig (f. 1965) er historikar og professor ved OsloMet. Han har skreve fleire bøker om moderne kunnskaps- og utdanningshistorie, blant anna om Pedagogisk forskningsinstitutt (2005), Det Norske Videnskaps-Akademi (2007), Universitetet i Oslo (2011) og Kunnskapsdepartementet (2017).

Publicerad

2023-04-13 — Uppdaterad 2023-04-13

Versioner