Historieundervisning under klima- og naturkrise: Å vurdere skala, menneskeleg agens og historisk-planetarisk endring

Forfattere

  • Vidar Fagerheim Kalsås Universitetet i Stavanger

DOI:

https://doi.org/10.62902/nordidactica.v15i2025:1.26569

Nøgleord:

klimakrise, naturkrise, antropocen, historieundervisning, bærekraftsdidaktikk

Resumé

Klima- og naturkrisa har fått auka merksemd i offentlegheita og har blitt eit uengåeleg spørsmål innan utdanningsfeltet dei seinare åra. I denne samanhengen har skulefaget historie ei potensielt viktig rolle å spele i å utvikle elevar sin innsikt i det historiske, og dermed det menneskeskapte, i klima- og naturkrisa. Denne artikkelen utforskar debattane om historievitskapen i møte med den antropocene tidsalder og undersøker om perspektiv og konsept frå denne litteraturen kan operasjonaliserast til nyttige reiskapar for å analysere og vurdere historieundervisning. Dette har gitt tre teoretiske reiskapar, i form av analytiske spørsmål om skala for tid og rom, menneskeleg agens og historisk-planetarisk endring. Desse reiskapane har vorte nytta til å analysere nyare norske lærebøker i historie, for å undersøke om bøkene gjer den historiske dimensjonen ved klima- og naturkrisa handgripeleg. Resultatet av analysane indikerer at klima- og naturkrisa er ei uavklart utfordring i skulefaget historie, der sentrale faglege perspektiv og kategoriar forsvinn når klima- og natursspørsmål blir tematisert.

Forfatterbiografi

Vidar Fagerheim Kalsås, Universitetet i Stavanger

Vidar Fagerheim Kalsås er førsteamanuensis i historie, historiedidaktikk og historiekultur ved Institutt for kultur- og språkvitenskap, Universitetet i Stavanger.

Publiceret

2025-05-23

Citation/Eksport

Fagerheim Kalsås, V. (2025). Historieundervisning under klima- og naturkrise: Å vurdere skala, menneskeleg agens og historisk-planetarisk endring. Nordidactica. Journal of Humanities and Social Science Education, 15(2025:1), 71–89. https://doi.org/10.62902/nordidactica.v15i2025:1.26569