Politisk handlingskompetanse for berekraftig utvikling
DOI:
https://doi.org/10.62902/nordidactica.v14i2024:2.24937Nøgleord:
KLIMAUTDANNING, POLITISK UTDANNING, HANDLINGSKOMPETANSE, BÆREKRAFTSUTDANNINGResumé
Eit overordna spørsmål i samfunnsfaget gjeld korleis elevane sjølve kan bidra til ei berekraftig framtid. I nordisk samanheng har vi fått fleire teoretiske bidrag. Problemstillinga for denne teoretiske artikkelen er i kva grad desse bidraga definerer ein handlingskompetanse som gir grunnlag for at elevane etter kvart kan bidra til eit berekraftig samfunn gjennom politisk påverknad. Det krev ein handlingskompetanse som inkluderer både det å ta stilling til kva tiltak som trengs, og å kunna påverka slik at tiltaka blir sett ut i livet, ikkje minst gjennom politisk deltaking. Litteraturen handlar meir om meiningsdanning enn om påverknad. Meiningsdanning om berekraftsspørsmål er likevel i liten grad er knytt opp til korleis politisk meiningsdanning skjer i det politiske systemet. I artikkelen vil sentrale nordiske bidrag verta drøfta og problematiserte, og det vert skissert korleis berekraftsdidaktikken kan gjerast meir politisk relevant.